Villa Las Estrellas
Villa Las Estrellas | |||
landsby | |||
Villa Las Estrellas i 2011
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Base Presidente Eduardo Frei Montalva | ||
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°12′1.5″S 58°57′55″W / 62.200417°S 58.96528°W | ||
Folketal | 95 (2017)[1] | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Villa Las Estrellas 62°12′01″S 58°57′51″W / 62.2002°S 58.9641°W | |||
Wikimedia Commons: Villa Las Estrellas |
Villa Las Estrellas (spansk «Stars Town») er ein chilensk landsby i kommunen Antártica som ligg ved President Eduardo Frei Montalva-basen, ein militærbase på King George Island. Han er den største og eine av to sivile busetnader i Antarktis (den andre er den argentinske Esperanza-basen). Om sommaren bur det 120 personar her og om vinteren 80.[2]
Folket i Villa Las Estrellas lever i eit samfunn som omfattar 14 bustadhus på 90 m².
Det finst ein skule her, F-50 «Villa Las Estrellas»-skulen, som går opp til 8. klasse, med to lærarar, som tar imot kring 15 born. I tillegg er det ein barnehage og eit bibliotek. Det chilenske luftforsvaret driv eit sjukehus med ein lege og ein sjukepleier. I tillegg finst her bank, eit herberge, ein suvenirbutikk og eit treningsanlegg.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Villa Las Estrellas» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://geoarchivos.ine.cl/File/pub/Cd_Pb_Al_Cs_2019.pdf; vitjingsdato: 5. mars 2020.
- ↑ (spansk) Villa Las Estrellas Arkivert 2011-10-02 ved Wayback Machine.